Sjøorm eller sjøslange er store sjødyr kjende frå folketru og mytologi. Dei har form som ein kjempeslange og lever i innsjøar eller i havet. Nessie («sjøormen i Loch Ness»), Seljordsormen og Kraken er alle sjøormar. Frå tid til annan kjem det rapportar om lange, slangeliknande vesen i havet, nokre gonger blir dyra òg rapporterte observert av fleire menneske samtidig, særleg om bord i skip og på strender.
På 1800-talet blei det gjort fleire observasjonar av påståtte sjøormar ved atlanterhavskysten i USA, særleg i New England. Då New England sitt Linné-selskap heldt møte den 18. august 1817, klassifiserte dei dette vesenet og gav det namnet Scoliophis atlanticus. Etter ei tid blei desse rapportane avslørte som sprøyt.
Rapporter om sjøormar dukkar frå tid til annan opp som avisender i pressa.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.