Øyvind Nordsletten (fødd 1. juni 1944 på Bryne) er ein norsk diplomat som har hatt fleire ambassadørplasseringar og leiarstilingar i embetsverket.
Utdanning og erfaring
Nordsletten gjennomførte førstegangstenesta ved Forsvarets russiskkurs og avtente plikttenesta ved Garnisonen i Sør-Varanger. Han studerte humaniora ved Universitetet i Oslo frå 1970 til 1974.[1]
Yrkesliv
Nordsletten gjekk inn i den norske utanrikstenesta i 1974. Frå 1977 til 1979 var han attaché og seinare andresekretær ved den norske ambassaden i Tyrkia. Nordsletten var førstesekretær ved den norske ambassaden i Russland i tida 1979–1982, og var ambassadør der i perioden 2000–2008. Verkeområdet hans omfatta også Armenia og fem land i Sentral-Asia. I tida 1992–1996 var han norsk ambassadør i Ukraina og Kviterussland. 17. november 2008 blei han utnemnd til ambassadør i Irland.[1]
Frå 1982 til 1992 og frå 1996 til 2000 arbeidde Nordsletten i Noreg, og var då tilsett i leiande stillingar ved ulike departement. Mellom 1997 og 2000 leidde han internasjonal avdeling ved Statsministerens kontor.[2][1]
Privat engasjement, prisar og utmerkingar
Nordsletten blei utnemnd til æresmedlem i Norsk-russisk handelskammer i 2008 for sitt bidrag til å forbetra norsk-russiske forretningstilhøve.[3]
Som utflytta jærbu har Nordsletten halde kontakten med heimstaden Time. Saman med kona Åslaug Undheim flytta og restaurerte han eit over hundre år gammalt jærhus, «Arkjå».[4] I 2008 fekk dei kulturvernprisen til Time kommune for restaureringa.[5] Same året gjorde han framlegg om å verna ei gammal torvmyr i kommunen som kulturminne, og fekk gjennomslag for dette i kulturminneplanen til kommunen.[6]
Kjelder
- Fotnotar