Åshild Eidem (fødd 26. mai 1983) er ein norsk journalist, fotograf og forfattar.
Ho har bachelorgrad i journalistikk frå Høgskulen i Bodø, og har studert journalistikk, sosiologi, kultur og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo 2002–2005, deretter internasjonale studiar same stad. Ho har studert internasjonal politikk, arabisk og hebraisk ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem.
Eidem har budd i Skien, i Jerusalem, i Gaza og i Teheran. Ho byrja pressekarrieren sin som sommarvikar i Porsgrunns Dagblad som 20-åring, og var fotograf, fotosjef, redaksjonsleiar og kulturredaktør i studentavisa Universitas i Oslo. Ho har skrive for Varden, Dagens Næringsliv, Morgonbladet, Aftenposten og portugisiske Expresso.
I si fyrste bok Spillet om Gaza presenterer ho fire personar frå Gaza - ein tunnelsmuglar, ein aktivist, ein militant leiar og ei profilert Hamas-kvinne.
Eidem vart kåra som Årets frilansar 2013 av NJ-juryen til frilansjournalistane.[1]
I 2017 arbeidde Eidem som kommunikasjonsrådgjevar for Norges institusjon for menneskerettigheter.[2]
Bibliografi
- Spillet om Gaza, dokumentar og historie, Cappelen Damm (2013)
- Arven etter far, av Laila Bokhari i samarbeid med Åshild Eidem, sakprosa, Gyldendal (2015)
Kjelder
Bakgrunnsstoff