Zjukov (russisk Жу́ков) er ein by i Kaluga oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Ugodka, ei sideelv til Protva, rundt 65 km nordaust for Kaluga.
Zjukov vart grunnlagd først på 1600-talet. Han har vore kjend som busetnaden Ugodskij Zavod (russisk: Уго́дский Заво́д, omsett: Ugodskij-fabrikken) sidan 1656 og vart oppretta i samband med bygginga av eit jernverk. I 1974 vart namnet endra til Zjukovo (russisk: Жуково) til ære for Georgij Zjukov og han fekk bystatus i 1997 og namnet vart samstundes endra til Zjukov.