Balabanovo (russisk Балаба́ново) er ein by i Kaluga oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Protva, rundt 80 km nordaust for Kaluga.
Landsbyen Balabanovo vart første gong nemnt tidleg på 1600-talet. Han voks til ein liten by med bygginga av jernbanen Moskva – Brjansk tidleg på 1900-talet. Jernbanestasjonen i byen vart opna i 1899. Balabanovo fekk bystatus i 1972.