«You May Be Right» er ein song skriven og framført av Billy Joel frå albumet Glass Houses i 1980. Songen vart gjeven ut som singel og denne nådde sjuandeplassen på den amerikanske singellista, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia slik dei føregåande singlane «All for Leyna» (UK #40) og «It's Still Rock and Roll to Me» (UK #14), hadde gjort. Den japanske singelen hadde «Close to the Borderline» som B-side.
«You May Be Right» og «All for Leyna» vare berre 4 minuttar og 15 sekundar og er dei lengste songane på Glass Houses. «You May Be Right» vart òg med på Greatest Hits - Volumes I and II. Songen låner eit riff frå Buffalo Springfield-hitten «Rock and Roll Woman» på albumet Buffalo Springfield Again.
Songen vart nytta som kjenningsmelodi for fjernsynsshowet Dave's World, sungen av Southside Johnny. Songen vart framført av Garth Brooks i konsertvidoen This Is Garth Brooks frå Dallas, og av Brooks i 1997 i New York med Joel som gjest.[treng kjelde]
Songen er òg blitt spelt av AVAIL, Alvin and the Chipmunks,[2] Keith Urban, The Vindictives, the New Directions glee club i Glee, Southside Johnny og Rock Bottom Remainders.[treng kjelde]
Medverkande
Lister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samleplater | |
---|
Singlar | |
---|
Andre songar | |
---|