An Innocent Man er det niande studioalbumet av den amerikanskesongar-låtskrivarenBilly Joel, gjeve ut 8. august 1983. Albumet er ei hyllest til den amerikanske popmusikken Joel lytta til i tenåra, seint i 1950- og tidleg i 1960-åra, hovudsakleg doo-wop og soul.[3] Fotografiet på plateomslaget vart teken på trappa føre 142 Mercer Street, like nord for krysset mellom Mercer og Prince Street i SoHo i New York City.[4]
Lister
Albumet inneheld tre singlar som nådde topp 10 på Billboard-lista: «Tell Her About It», som nådde toppen av lista, «Uptown Girl», som nådde tredjeplassen og «An Innocent Man», som nådde tiandeplassen. Fire andre singlar vart gjevne ut frå albumet: «The Longest Time» (14.), «Leave a Tender Moment Alone» (27.), «Keeping the Faith» (18.) og «This Night» (amerikansk B-side for «Leave a Tender Moment Alone»). «Tell Her About It» og «Uptown Girl» fekk internasjonal suksess — «Uptown Girl» nådde toppen av singellista i Storbritannia, Australia og New Zealand. An Innocent Man låg på den amerikanske albumlista i 111 veker, og vart det Joel-albumet som låg lengst inne på lista, etter The Stranger. I over eitt år låg albumet òg på listene i Storbritannia, Japan og Australia.
Prisar
Som dei tre førre albuma hans, vart Joel nominert til Grammyprisen for årets album, men tapte for Michael Jackson sitt Thriller. Joel var òg nominert for beste popsong med «Uptown Girl», men Jackson vann den kategorien òg.
Bakgrunn
I eit intervju om innspelinga av albumet snakka Joel om at han var nyskilt frå den første kona, Elizabeth Weber, då han spelte inn dette albumet, og singel for første gong sidan han var blitt rockestjerne. Han hadde derfor høve til å gå på date med supermodellar som Elle Macpherson og Christie Brinkley, og på grunn av dette følte han seg igjen som ein tenåring.[3] Han starta derfor å skrive desse songane i popstilen han hugsa frå tenåra sine.
Joel forklarte «Når du skal skrive [songar for eit nytt album], skriv du det du føler. Og eg kjempa ikkje i mot. Songane kom så raskt og lett, og eg hadde det så moro å skrive dei. Eg levde på ein måte opp att ungdomen min... eg trur eg hadde skrive alle songane for albumet i løpet av ein seks vekers periode.» Joel sa òg at han vart positivt overraska over at retrosongar som «The Longest Time» kunne bli ein hit i 1980-åra.[3]
Innhald
Billy Joel, utanom refrenget på «This Night», som er tilskriven Beethoven.
Innhaldet på vinylplata er litt forskjellig frå kassett- og den originale CD-utgåva, der «The Longest Time» og «Uptown Girl» har byta plass.