«You Can't Do That» er ein song skriven av John Lennon (tilskriven Lennon–McCartney) og gjevne ut av The Beatles som B-sida til den sjette britiske singelen deira, «Can't Buy Me Love».
Komposisjon
Songen er ein av dei delvis sjølvbiografiske songane til Lennon som «sette ein lun tone opp mot spente trugslar, seksuell paranoia og sutring og ein dragande rytme,» i følgje Robert Sandall.[7] Sjalusitemaet i songen var noko Lennon kom attende til i andre ssongar, som «Run for Your Life» og «Jealous Guy». Han var inspirert av den då relativt ukjende Wilson Pickett og songen har røter i ein 12-taktsblues. Lennon spelte gitarsoloen på songen.
George Harrison skreiv riffet som vert nytta i starten og slutten av songen i studioet i følgje Tom Petty i Rolling Stone. Då Petty spurte han om korleis han kom på riffet, svarte Harrison «eg berre stod der i studio og tenkte, 'Eg må gjere noko!'».[9]
Innspeling og utgjeving
«You Can't Do That» vart spelt inn tysdag 25. februar 1964 i Abbey Road Studios i London. Eit tidleg forsøk med rettleiande vokal finst på Anthology 1. Det var den første songen som var ferdig veka før The Beatles byrja å filme A Hard Day's Night, men «I Should Have Known Better» og «And I Love Her» vart påbyrja same dagen.
Medan dei var i New York for The Ed Sullivan Show vart gitaristen George Harrison presentert ein Rickenbacker 360 Deluxe elektrisk gitar med 12 strengjer verdt (i 1964) 900 amerikanske dollar. Det var berre den andre som var laga då, og han vart høyrt for første gongen på «You Can't Do That» og gjev songen den særeigne ringande lyden.
Songen vart først gjeven ut som B-side på «Can't Buy Me Love» den 16. mars 1964 i USA av Capitol Records og den 20. mars 1964 i Storbritannia av Parlophone. Det var den sjuande singelen til Beatles i USA og den sjette i Storbritannia. Songen kom sidan ut på albumet A Hard Day's Night i Storbritannia og The Beatles' Second Album i USA.
The Beatles vart filma då dei mima til «You Can't Do That» som ein del av den siste konsertsekvensen i filmen A Hard Day's Night. Filminga fann stad 31. mars 1964 på Scala Theatre i London, men vart ikkje nytta. Han vart derimot send på The Ed Sullivan Show den 24. mai. Framføringa er med i dokumentarfilmen The Making of «A Hard Day's Night».
The Beatles spelte inn «You Can't Do That» fire gonger for BBC radio i 1964. Han vart òg framført på konsertane deira det året, og var den andre songen på setlista, etter «Twist And Shout», på turneen deira i Australia og Nord-Amerika.
I følgje Mark Lewisohn i boka The Beatles Recording Sessions overdubba George Martin eit pianospor til opptak 9 den 22. mai 1964 for albumversjonen av songen, men dette vart aldri brukt.
Medverkande
- Personell per Ian MacDonald
Andre versjonar
Harry Nilsson-versjonen
«You Can't Do That» vart spelt inn av Harry Nilsson for debutalbumet hans Pandemonium Shadow Show (1967). Nilsson omarrangerte songen slik at han vart meir langsam. Han arbeidde òg inn referansar til 18[14] andre Beatles-melodiar i miksen, som regel med å sitere små utdrag av tekstane i korvokalen.
Songen vart den første hitten til Nilsson som artist, men nådde berre 122. plassen på den amerikanske lista, medan han gjekk inn på Topp 10 i Canada. I lag med resten av albumet vart Nilsson ein av favorittartistane til The Beatles. Lennon skal ha lytta til Pandemonium Shadow Show i 36 timar på rad då han fekk eit eksemplar av Derek Taylor. Han ringde så til Nilsson for å gratulere han, noko som starta eit venskap som varte livet ut for Lennon. Seinare, under ein pressekonferanse i 1968 for å annonsere skipinga av Apple Corps, vart Lennon spurt kven den amerikanske favorittartisten hans var. Han svarte då Nilsson. Det same gjorde McCartney.
Andre versjonar
Kjelder
- Hal Leonard Publishing Corporation, red. (1993). The Beatles - Complete Scores. Milwaukee: Hal Leanord. ISBN 0-7935-1832-6.
- The Beatles (2000). The Beatles Anthology. San Francisco: Chronicle Books. ISBN 0-8118-2684-8.
- Harry, Bill (1992). The Ultimate Beatles Encyclopedia. Virgin Books. ISBN 0-86369-681-3.
- Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. ISBN 0-517-57066-1.
- Lewisohn, Mark (1995). Anthology 1 (booklet). The Beatles. London: Apple Records. 34445.
- MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3.
- Miles, Barry (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt & Company. ISBN 0-8050-5249-6.
- Palmer, Tony (1977). All You Need Is Love: The Story of Popular Music. London: Book Club Associates. ISBN 0-670-11448-0.
- Sandall, Robert (2000). «Mojo Special Limited Edition # M-04951».
- «You Can't Do That». The Beatles Bible. 2008. Henta 21. oktober 2008.
- Pollack, Alan W. (1992). «Notes on «You Can't Do That»». «Notes on» Series.
- Unterberger, Richie (2009). «Review of «You Can't Do That»». Henta 10. mai 2012. [daud lenkje]