Windows XP (kodenamn Whistler, òg kjend som Windows NT 5.1 (nokre utgåver òg NT 5.2)) er eit operativsystem frå Microsoft. Operativsystemet vart offisielt utgjeve 25. oktober2001. Dei to bokstavane «X» og «P», kjem av det engelske ordet eXPerience (røynsle). Frå Windows XP har Microsoft Windows fått ny flagg-logo. Windows XP finst på nynorsk. Brukarar med gyldig lisens kan laste ned språkgrensesnittpakkene gratis frå Microsoft sine nettsider.
Utgåver
Windows XP Home
Windows XP Professional - Inkludert mellom anna IIS for å kunne setja opp maskinen som nett-tenar
Windows XP Starter - For bruk i utviklingsland
Windows XP Media Center - For spesielle multimeda-datamaskinar, òg kalla "stove-PC-ar"
Windows XP Tablet PC - For handheldte maskinar
Windows XP Embedded - For bruk i forbrukarelektronikk. Til dømes minibankar, billettautomatar, elektroniske informasjonstavler o.s.b.
Windows XP Professional x64 - For bruk med 64-bits prosessorerar, inkluderer stønad for mykje mer internminne enn 32-bitsutgåvene
Windows XP Professional N - Har ikkje Windows Media Player installert
Til XP er det utgjeve tre oppdateringspakker, såkalla "Service Packs". Om ein hadde oppdatert frå Internet Explorer 6 til Internet Explorer 7 eller 8 før installasjonen av Service Pack 3, så kan ein ikkje nedgradera til Internet Explorer 6 igjen.