Windows 7
Windows 7 er ei tidlegare utgåve av operativsystemet Microsoft Windows som kom på marknaden i 2009[1]. Windows 7 erstatta Windows Vista og vart erstatta av Windows 8 i 2012. Frå og med 14. januar 2020 har ikkje Microsoft retta feil i Windows 7[2]. UtviklingaBlackcomb skulle eigentleg vere etterkomaren til Windows XP (Whistler). Store funksjonar var planlagde for Blackcomb, men ei mindre utgåve ved kodenamn «Longhorn» vart gjort kjend. Denne skulle koma i 2003 og Blackcomb-utviklinga var utsett.[3] I 2003 hadde Longhorn teke over nokre av funksjonane som var planlagde for Blackcomb. Etter at det kom tre store virus for Windows i 2003, måtte Microsoft leggja om prioriteringa for utvikling og Longhorn vart sett på vent slik at Microsoft fekk tid til å laga nye oppdateringar til Windows XP og Windows Server 2003. Longhorn-utviklinga vart dessuten starta opp att frå botnen i august 2004 og soleis utsett igjen. Fleire funksjonar måtte kuttast ut.[4] MaskinvarekravMicrosoft spesifiserte minstekrava til maskinvare for Windows 7.[5] Krava for 32-bitarsutgåva er ganske uendra, men krava for 64-bitersutgåva er høgare.
Ekstra krav til å nytta somme funksjonar:[5]
Sjå ògKjeldetilvisingar
Bakgrunnsstoff |