Vågan kommune
Vågan er ein kommune i Lofoten i Nordland fylke. Han har grense til kommunane Hadsel i nord, Lødingen i aust, og til Vestvågøy over Sundklakkstraumen i vest. Kommunen omfatter mest heile Austvågøy, Gimsøya og fleire mindre øyer, mellom anna Henningsvær og Skrova. Ein liten bit av Hinnøya høyrer òg til Vågan. Tettstader i kommunenNæringslivFiskeindustri er den viktigaste næringsvegen, og Vågan er den største oppdrettskommunen og den nest største fiskerikommunen i Nord-Noreg. I tillegg til fiskeritenestar har kommunen òg ein av dei større verkstadindustriane i landsdelen. Andre viktige næringsvegar er reiseliv, handel og tenesteyting. KommunikasjonerVågan har dagleg flysamband med dei andre kortbaneflyplassane i området og stamrutenettet i Bodø. Svolvær blir dagleg vitja av Hurtigruta medan det finst snøggbåtsamaband til Stokmarknes, Bodø og Narvik. Ferjesamband er det til Skutvik/E6 og mellom Fiskebøl og Melbu mot Vesterålen, og det går bilferjer til Skrova, Brettesnes og Digermulen. Svolvær har gode bussruter i fleire retningar. Kjente vågaværingar
Bakgrunnsstoff Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vågan kommune
Information related to Vågan kommune |