Gildeskål er eit gamalt gardsnamn som kan stamme frå norrøntGildiskáli, ein stad med ei skål eller hov for gilde, eit hus der ein har gilde.[1]
Kommunen brukar teksten «Å eg veit meg eit land ..» som slagord og uttrykk for visjonen om å vere ein attraktiv kommune med tydeleg identitet.
Geografi
Gildeskål er ein kystkommune og består av både fastland med fjordar og ei rekke øyar og vær. Dei største øyane er Sandhornøya, Sørarnøy, Nordarnøya, Fugløy samt Fleina og Fleinvær. Kystriksvegen passerer gjennom kommunen. Vegen på Sandhornøya knytt til Kystriksvegen med ei bru. Både fastlandet, Sandhornøy og Fugløy har bratte fjell, i søraust ligg ei fjellvidde som inkluderer Sundsfjordfjellet og delar av Glomfjellet.
Næringsliv
Tradisjonelt var kommunen ein jordbruks- og fiskerikommune kor mange dreiv som fiskarbønder. I dag er turisme, private og offentlege servicetenester viktige næringsvegar. Forsvaret har ein lyttestasjon for marinefartøy i Novika. Det er eit kvartsittbrott på Mårnes på Sandhornøya og eit vasskraftverk i Sundsfjord.
På kyrkjestaden rett ved Inndyr ligg ei steinkyrkje frå 1100-talet, Gildeskål gamle kyrkje og like ved ei trekyrkje i gotisk stil frå 1881. Den nye kyrkja ligg på ei høgd med utsyn mot fjorden og Fugløy og har 750 sitteplassar. På kyrkjeplassen finn ein òg Gildeskål bygdesamling med prestegarden. Hovudbygningen på garden er eit langhus på 33 meter.