Salta (norrøntsalpti, salfti) var det tidlegare namnet på regionen og kan komme frå namnet på fjordsystemet. Som regionnamn er den gamle nominativ- og akkusativformaSalta og den gamle dativforma er Salten. Ved oppløysinga av kasussystemet fram mot 1900-talet har den gamle dativforma Salten vorte ståande som den mest brukte forma, og forma Salta har i løpet av 1900-talet stort sett falle ut av bruk.
Landskapstypane i Salten varierer sterkt frå vest med fiskevær og kystbygder i Steigen t.d., til Saltdal og Beiarn i aust som representerer innlandsbygdene i Nordland. Her er område som har hatt tradisjonell reindriftsverksemd på Saltfjellet, i Beiarn og Gildeskål og her finst mest urørt natur i Rago nasjonalpark. Rago er ein naturleg fortsetjing av nasjonalparkane Padjelanta, Sarek og Stora Sjöfallet på svensk side av riksgrensa. Junkerdal nasjonalpark ligg innanfor Saltdal og Fauske, medan berre delar av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark høyrer til Salten.