Saltfjorden (lulesamiskSáltovuodna) er ein fjord i Gildeskål og Bodø kommunar i Nordland. Fjorden ligg på sørsida av sjølve Bodø og strekkjer seg 41 km austover til Tverlandet i botn av fjorden.
Mellom Straumøya og Knaplundøya ligg Saltstraumen, den sterkaste tidvasstraumen i verda. Salstraumen går over i Svefjorden som går vidare til Skjerstadfjorden og austover til Fauske. Nord for Knaplundøya ligg Godøynes og Løding inst i Saltfjorden.
Fv580 går på nordsida av Straumøya, Fylkesveg 17 går over Knaplundøya og langs austsida av fjorden. På nordsida av fjorden går Riksveg 80.