Austvågøy er den nest største øya i Lofoten med sine 527 km². Øya er om lag 40 km frå aust til vest og 30 km frå nord til sør.
Mesteparten av Austvågøy består av fjell som mot Raftsundet når opp til over 1000 moh og lågland finn ein nesten berre ved strandflatene. Det høgaste fjellet i Lofoten er Higravstinden på 1146 meter over havet og ligg aust på øya. Svartstundtindan (1050 moh), Trolltindan (1045 moh) og Olsanestindan (1000 moh) ligg òg aust på øya, medan den kjende Vågakallen 942 moh stig opp over Henningsvær sørvest på øya.