Dette er den tredje kyrkja i Vrådal, men dei to førre stod om lag 4 kilometer lengre aust, der den gamle kyrkjegarden fortsatt kan vitjast. Ei stavkyrkje vart der avløyst av ei åttekanta tømmerkyrkje i 1685 (innvigd 1686). Dette går for å vere den første åttekantkyrkja i landet, men ho vart riven i 1888, etter at den nye kyrkja vart teken i bruk.
Altartavle, preikestol og døypefont er overført frå gamlekyrkja.[1]
Vrådal kyrkje er sett i stand gjennom arbeid i løpet av 1990-talet og 2000-talet. Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Kjelder
Henriksveen, Herman, red. (1986). «Vrådal kyrkje». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 150-151. ISBN82-90695-00-4.