Fjellkyrkja står eit par mil vest for tettstaden Rjukan og seiast å vere bygd av det som tidlegare var biljardhus ved Krokan hotell. I området skal det ha vore ei kyrkje i mellomalderen. Kyrkja vart teken i bruk 14. august 1949 og innvigd 30. august året etter. Ho skal ha vorte utvida eit par gonger etter dette.[1]
↑Forutan Henriksveen (1986) bygger framstillinga på ei nettside hos Tinn kyrkjelege fellesråd som sidan er fjerna frå nettet. Same påstand finn ein hos Visitrjukan.com. Tilbygga er skildra i visitasforedag frå 2003 (teke av nettet).