Langkyrkja er i tre og husar fleire minne frå den gamle stavkyrkja som stod på same staden. Av dette døypefont, krusifiks, portalar og gapestokk. Byggverket er i tømmer og har 110 plassar.
Kyrkja vart restaurert i 1927 og er dekorert av rosemålaren Øystein Vesaas. Dagfin Werenskiold har skore antemensalen.[1] Stilen er empirisk og typeteikningane er dei same som Grunge kyrkje sine.