Ein verdsreligion er ein religion som er internasjonalt utbreidd og har mange tilhengjarar. Til dømes er kristendommen og islam dei mest utbreidde religionane i verda. Dei 12 klassiske verdsreligionane er:
Det blir likevel opp til kvar einskild korleis ein vil definere verdsreligionar. Det finst ikkje eit fast og etablert kriterium for kor mange tilhengjarar ein religion må ha for å bli kalla ein verdsreligion.
Religionane etter talet på tilhengjarar
Det er viktig å vere merksam på at alle statistikkar og tal som dei i lista under er usikre og vanskeleg å verifisere. Denne lista inkluderer organiserte religionar og uformelle religionar, som kinesiske folkereligionar. Lista inneheld og tal for ikkje-religiøse.
Kristendom: 2,1 milliardar (oppstod ca år 27, og har delt seg i mange greiner.
Denne kategorien inneheld svært mange ulike livssyn som ikkje er religiøse. Kategorien inneheld og livssynshumanisme, fritenkjarar, deistar, pantheisar og Juche. For meir informasjon sjå, Adherents.comArkivert 2010-01-29 ved Wayback Machine.
Dette er ikkje ein organisert religion, men ei rad ulike tradisjonelle religionar, som animisme og sjamanisme.Sidan afrikanske religionar og diasporareligionar er telt for seg sjølv er dei fleste i denne kategorien frå Asia.
Tradisjonelle afrikanske religionar og diasporareligionar : 100 millionar
Dette er ikkje éin religion, men inkluderer fleire ulike trusretningar og filosofiske system frå blant anna joruba-folket, ewe og bakongo. Desse religionane har hatt stor innverknad på trua til den afrikanske diasporaen i Amerika.
Dette er talet på folk som identifiserer seg sjølv med Shinto som primæreligion. Dersom alle som av historiske eller kulturelle grunnar kan kallast Shinto skal inkluderast vil atlet nærme seg 100 millionar.