Dei mannlege utøvarane tevla i to 20 km normalprogram, åtte stk 10-kilometer sprint, sju jaktstartar à 12,5 km og fem 15 km-lange fellesstartar. I tillegg vart det arrangert fire stafettar over 4 x 7,5 km. Martin Fourcade frå Frankrike gjekk til topps i turneringa for sjuande året i rad. Norske Johannes Thingnes Bø vart andremann, medan russaren Anton Sjipulin la beslag på tredjeplassen, langt bakom dei to andre utøvarane.
Kvinnene tevla i to 15 km normalprogram, åtte stk 7,5 km sprint-tevlingar og sju jaktstartar à 10 km, samt fem fellesstartar à 12,5 kilometer. I tillegg vart det arrangert fire stafettar over 4 x 6 km. Kaisa Mäkäräinen frå Finland vann verdscupen for andre gong, einast 3 poeng framom Anastasija Kuzmina som representerte Slovakia. Også tredjeplasserte Darja Domratsjeva frå Belarus kjempa om IBU-trofeet til siste slutt.