Verdscupen i skiskyting 2007 tok til 29. november 2006 og vart avslutta 18. mars 2007. Turneringa omfatta 27 individuelle tevlingar for begge kjønn. Renna fann stad i Östersund i Sverige, Hochfilzen i Austerrike, Oberhof og Ruhpolding i Tyskland, [Pokljuka]] i Slovenia, Antholz i Italia, Lahti i Finland, Oslo i Noreg og vart avslutta i Khanty-Mansijsk i Russland.
Dei mannlege utøvarane tevla i fire 20 km normalprogram, ti stk 10-kilometer sprint, åtte jaktstartar à 12,5 km og fem 15 km-lange fellesstartar. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km. Michael Greis frå Tyskland sikra seg den største IBU-premien, framom fjorsårvinnar Ole Einar Bjørndalen, franske Raphaël Poirée vart tredjemann.
Dei kvinnelege utøvarane tevla i tre 15 km normalprogram, ti stk 7,5 km sprint, åtte jaktstartar à 10 km og fem fellesstartar à 12,5 kilometer. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 6 km. Andrea Henkel vann turneringa føre fjorårsvinnar Kati Wilhelm, begge frå Tyskland. Anna Carin Olofsson frå Sverige tok tredjeplassen.
Menn
Individuelt
Kvinner
Individuelt
Kjelder