Stian Eckhoff (fødd 3. september 1979 i Trondheim) er ein tidlegare norsk skiskyttar.
Eckhoff byrja med skiskyting som tiåring og vart med på junior-landslaget som 17-åring. Han har deltatt i verdscupen sidan 2000. Han vann sin første verdscupsiger på sprinten i Östersund i 2004, og sin andre på same distanse på same stad året etter. I 2004/05-sesongen kom han på tiande plass samanlagt i verdscupen, og var dermed nest beste nordmann etter Ole Einar Bjørndalen. Under VM i Hochfilzen i 2005 var han med på å vinna stafettgull for Noreg.
Eckhoff la opp i 2009 då han korkje fann plass på landslaget eller rekrutteringslandslaget.
Eckhoff er bror til skiskyttaren Kaja Eckhoff, som har vore junior-verdsmeister.
Kortfatta merittliste
(per 12. desember 2007)
Kjelder