Verdscupen i skiskyting 2004 tok til 4. desember 2003 og vart avslutta 4. mars 2004. Turneringa omfatta 26 individuelle tevlingar for begge kjønn. Renna fann stad i Kontiolahti i Finland, Hochfilzen i Austerrike, Osrblie i Slovakia, Pokljuka i Slovenia, Ruhpolding og Oberhof i Tyskland, Antholz i Italia, Lake Placid og Fort Kent i USA, Oslo i Noreg.
Dei mannlege utøvarane tevla i tre 20 km normalprogram, ni stk 10-kilometer sprint, sju jaktstartar à 12,5 km og fire 15 km-lange fellesstartar. I tillegg vart det arrangert fire stafettar over 4 x 7,5 km. Kvinnene tevla i tre 15 km normalprogram, ni stk 7,5 km sprint, sju jaktstartar à 10 km og fire fellesstartar à 12,5 kilometer. Dessutan vart det arrangert fire stafettar over 4 x 6 km.
Ekteparet Raphaël Poirée frå Frankrike og Liv Grete Skjelbreid frå Noreg sigra i kvar si verdscup-turnering. Det var Poirées fjerde og siste sesong-triumf i verdscupen. Av karane kom Ole Einar Bjørndalen på andreplass i verdscupen, som året før la tyske Ricco Gross beslag på tredjeplassen. Av kvinnene var russiske Olga Pyljova den nestbeste, medan franske Sandrine Bailly vart nummer tre samanlagt.
Menn
Individuelt
Kvinner
Individuelt
Kjelder