Verdscupen i skiskyting 1999 tok til 11. desember 1998 og vart avslutta 14. mars 1999. Turneringa omfatta 23 individuelle tevlingar for begge kjønn. Renna fann stad i Hochfilzen i Austerrike, Osrblie i Slovakia, Oberhof og Ruhpolding i Tyskland, Antholz i Italia, Kontiolahti i Finland, Lake Placid i USA, Valcartier i Canada og Oslo i Noreg.
Dei mannlege utøvarane tevla i tre 20 km normalprogram, ni stk 10-kilometer sprint, ni jaktstartar à 12,5 km og to 15 km fellesstart. I tillegg vart det arrangert seks stafettar over 4 x 7,5 km. Sven Fischer frå Tyskland vann turneringa for andre gong, framom fjorårsvinnar Ole Einar Bjørndalen. Tyske Frank Luck vart tredjemann.
Dei kvinnelege utøvarane tevla i tre 15 km normalprogram, ni stk 7,5 km sprint, ni jaktstartar à 10 km og to 12,5 km fellesstart. I tillegg vart det arrangert seks stafettar over 4 x 7,5 km. Magdalena Forsberg frå Sverige sigra for tredje året i rad, Olena Zubrilova frå Ukraina og Uschi Disl frå Tyskland kom på dei neste plassane.
Menn
Individuelt
Kvinner
Individuelt
Kjelder