Moldova er delt inn i tre utviklingsregionar (rumenskregiunile de dezvoltare). Utviklingsregionane har ingen administrativ funksjon, men er i hovudsak for statistiske føremål.[1][2]
Hovudstadsområdet Chișinău (mørkraudt og fiolett på kartet) og det autonome territoriet Gagauzia (grønt på kartet) er eigne statistiske regionar.
Områda som er kontrollerte av Transnistria (grått på kartet) er formelt rekna som ein eigen statistisk region, men inngår ikkje i moldovisk statistikk.