Distriktet Dubăsari (rumensk Raionul Dubăsari) er eit distrikt i Moldova. Distriktet omfattar 11 landkommunar.[2]
Delt distrikt
Det opphavlege distriktet Dubăsari låg på båe sider av elva Dnister. Etter Transnistriakrigen er distriktet delt mellom Moldova og eit distrikt med same namn i Transnistria, men slik at Moldova òg kontrollerer delar av området på austsida av elva. I praksis er Transnistria delt i to av moldovisk-kontrollerte område. Hovudbyen Dubăsari er kontrollert av Transnistria, slik at distriktet i Moldova ikkje har nokon by. Landsbyen Cocieri fungerer som hovudsete for distriktet.
Folketal
For 2014 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat for busetnader. Dette var dei største busetnadene i distriktet Dubăsari i 2004:
Merknader
- ↑ Folketeljinga i 2014 kunne ikkje gjennomførast i Corjova.[4]
- ↑ Ikkje medrekna landsbyen Roghi, som er utanfor kontroll av styresmaktene og administrert av Transnistria.
Kjelder
Referansar