Distrikta (rumenskraion) er ei administrativ eining i Moldova. Landet har 32 distrikt, som med eitt unntak har namn etter staden som er hovudsete i distriktet. Dei tre større bykommunane Chișinău, Bălți og Bender står utanfor distriktsinndelinga og står på same administrative nivå som distrikta. Utanfor distriktsstrukturen står òg dei autonome territoriale einingane Gagauzia og Venstre breidd av Dnister.[1]
Bykommunen Bender og den territoriale eininga Venstre breidd av Dnister er ikkje kontrollerte av styresmaktene i Moldova, men er under kontroll av den internasjonalt ikkje godkjende republikken Transnistria.