Distriktet Căușeni (rumensk Raionul Căușeni) er eit distrikt i Moldova. I tillegg til byen Căușeni, som er ein mindre bykommune og hovudsete i distriktet, omfattar distriktet byen Căinari og 28 landkommunar.[2]
Under transnistrisk kontroll
Tre av kommunane er utanfor kontroll frå moldaviske styresmakter og blir styrt av den de facto sjølvstendige regionen Transnistria:
Desse områda ligg på vestsida av Dnister og blir av Moldova ikkje rekna som ein del av Transnistria, men blir administrerte som ein integrert del av utbrytarstaten.
Transnistria gjer òg krav på kommunen Copanca, men denne er kontrollert av moldoviske styresmakter.
Folketal
For 2014 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat for busetnader. Dette var dei største busetnadene i distriktet Căușeni i 2004:
Merknader
- ↑ 1,0 1,1 Landsbyane Florica og Plop var i 2004 delar av kommunen Coșcalia, men vart overførde til kommunen Baccealia i 2011.[7] Her er 300 innbyggjarar i Florica og 276 i Plop rekna med i Baccealia også i tala for 2004.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Utanfor kontroll av styresmaktene, administrert av Transnistria.
Kjelder
Referansar