Dubăsari (moldovisk kyrillisk og russisk Дубоссары, Dubossary, ukrainsk Дубоссари, Dubossary) er ein by i Moldova og formelt ein bykommune (oraș) innanfor den autonome regionen Venstre breidd av Dnister i Moldova.[2] Han er utanfor kontroll av moldovske styresmakter og blir styrt av den de facto sjølvstendige regionen Transnistria som ein del av distriktet Dubăsari og er hovudsete i distriktet.[3]
Dubăsari er ein av dei eldste busetnadane i Moldova og det er funne spor frå steinalderen her. Den moderne Dubăsari vart først nemnd på byrjinga av 1500-talet som ein marknad for moldovske bønder. Busetnaden vart ein del av Det russiske keisardømet i 1792 og fekk byrettar i 1795. Byen vart kraftig industrialisert i mellomkrigstida og vart i 1940 ein del av Moldovsk SSR. Dubăsari og forstadane vart ein del av Transnistriakrigen i 1990-1992 og har sidan den gong vorte styrte av Transnistria.
Folketal
Ved folketeljinga i 2004 var folketalet i den einaste busetnaden:
|
Folketal 2004[1]
|
Dubăsari (Дубоссары) |
23 650
|
Kjelder
Referansar