Use Me er eit studioalbum av Isaac Hayes frå 1975, gjeve ut av Stax Records. I 1974 vart Hayes frigjeve frå plate- og produksjonskontrakten han hadde med Stax, og gav ut albumet Chocolate Chip i 1975 på det nyoppretta selskapet Hot Buttered Soul, som han eigde sjølv, gjennom ABC Records. Samstundes valde hovudkvarteret i Stax å gje ut ei samling skrinlagde og stort sett ikkje tidlegare utgjevne songar, truleg spelt inn tidleg i 1970-åra, kort tid før dei vart tvungen til å slå seg konkurs.
Eit konsertopptak av tittelsporet skriven av Bill Withers var alt gjeve ut på konsertalbumet Live at the Sahara Tahoe i 1972. «Good Love 6-9969» var gjeve ut på Black Moses i 1971 og igjen som singel i 1975. «The Ten Commandments of Love» er ein versjon av ein doo-wop-song av The Moonglows frå 1957, medan den 13 minuttar lange versjonen av «Feel Like Makin' Love» vart gjort kjend av Roberta Flack.
I 1978 tok Fantasy Records, som hadde kjøpt ut Stax, fire av dei fem songane frå dette albumet, og erstatta «Good Love 6-9969» med ein tidlegare uutgjeven instrumental kalla «Hobosac and Me» og gav albumet ut som Hotbed. Medan Use Me er sjeldan å sjå i offisielle diskografiar av Isaac Hayes, er Hotbed som regel til stades. Songane på Hotbed har blitt noko remiksa, men det er ingen store skilnader mellom desse to.