Ukrainsk kultur er den materielle og andelege overleveringa til ukrainarar som er blitt danna i løpet av ukrainsk historie. Kulturen er prega av Ukraina si stilling som eit grenseland mellom Russland i aust og Europa i vest. Ukrainarar fører gjerne historia og kulturen sin tilbake til Kievriket som oppstod på 800-talet.[1]
Sjølv om landet ofte har kjempa for å verna om sjølvstendet sitt,[2] har folket halde på dei kulturelle overleveringane sine og er stolte av den betydelege kulturelle arva si. Talrike forfattarar har bidratt til litteraturhistoria i landet, som Taras Sjevtsjenko[3] og Ivan Franko.[4] Den ukrainske kulturen har opplevd ein betydeleg gjenvokster[5] sidan landet fekk sjølvstende i 1991.
Moderne ukrainsk kultur blir rekna som ein etterfølgjar av det gamle Kievriket med sentrum i Kyiv og av Kongeriket Galicia–Volhynia. Ukrainarar reknar begge som sine historiske forløparar.[6][7] Ukrainarar deler mykje kultur og historie med nabonasjonar, som kviterussarar og russarar.
Tradisjonell husflid, broderi og bygdearkitektur er avgjerande for ukrainsk kultur. Elementa i desse verka har ofte blitt fastlagde av ressursane som var tilgjengelege på den tida. Den sterke tradisjonen i landet for folkekunst og broderi har fortsett til i dag, og ukrainsk broderi blir ofte sett på som ei kunstform i seg sjølv.
Ukrainske skikkar er sterkt påverka av ortodoks kristendom[8] og av tradisjonane frå slavisk folketru.[9] Ukrainsk kultur har hatt stor innverknad frå andre austslaviske kulturar som russisk og kviterussisk kultur. Sovjettida sameinte kulturane til mange ubeslekta nasjonar med eit felles språk og førte til at mange av dei sosialistiske republikkane tileigna seg ein felles kultur og identitet.[10]
Den ukrainske kulturen har måtta overvinna ei rekkje hindringar for å overleva og halda på originaliteten sin, sidan utanlandske makter og rike som har styrt over landet og folket der ofte implementerte politikk retta mot å assimilera den ukrainske befolkninga i si eiga befolkning, i tillegg til å prøva å utrydda og reinska element av kulturen. Til dømes utgjorde russifiseringspolitikken som fyrst byrja på 1700-talet betydelege hindringar for utviklinga av kulturen.[10]
Medan Ukraina har omfamna moderniteten, har det òg blitt verande eit svært tradisjonelt land, der det å halda på visse skikkar spelar ei sentral rolle i kulturen til landet. Mange viktige ukrainske høgtider og hendingar er baserte på den gamle julianske kalenderen og skil seg derfor frå dei gregorianske motstykka sine.[11] Desse omfattar jul og nyttår, som begge har stor tyding i ukrainsk kultur.[12]
Nasjonalsymbol
Ukrainske nasjonalsymbol omfattar det ukrainske flagget med to vassrette striper i nasjonalfargane gult og blått, riksvåpenet med eit tretakka spyd og nasjonalsongen «Sjtsje ne vmerla Ukrainy». Flagget blei teke i bruk av revolusjonære i 1848 som ønskte å lausriva vestdelen av landet frå Austerrike-Ungarn. Spydet var eit gammalt symbol for Kievriket som blei teke i bruk som nasjonalsymbol då Ukraina erklærte sjølvstende i 1918.[13] Nasjonalsongen blei utvikla på 1800-talet, og blei offiselt teken i bruk som nasjonalsong i 1992.[14]
Skikkar
Høgtider og feiringar
Sosiale samkome som vetsjornytsi har ei lang historie i ukrainsk kultur, og det same gjer tradisjonelle høgtidar som Ivan Kupala-dagen, maslenitsa, koljaduvannja og malanka, der folk samlar seg i store grupper.
Bryllaup
Tradisjonelle ukrainske bryllaupsfeiringar har mange ritual som involverer musikk og dans, drikking og eting, og samlingar av folk. Bryllaupet består av tre separate delar som kan vara i dagar eller til og med veker. Først er det ei truloving, deretter ein vigselsseremoni, og så følgjer ei stor feiring. Trulovinga inneber at brudgommen går til brura sine foreldre for å forhandla om «løysepengar» eller ein brurepris han vil betala for bruda og for å be om signinga deira. Det finst mange soger i ukrainsk folkeminne om ei brur som blir stolen utan at brudgommen betaler løysepengar. Ofte er den stolne brura ein villig deltakar, og paret stikk av utan løyvet til foreldra. Eventuelt kan brura avslå eit tilbod om ekteskap, i så fall er det vanleg at foreldra møter brudgommen ved døra med eit graskar for å formidla bodskapen. Etter at dei har komme til semje, finn det offisielle bryllaupet stad i ei kyrkje, ofte i ein gruppeseremoni med andre par. Deretter følgjer ei feiring heime med heile samfunnet som deltar.[15]
Utdanning
Høgare utdanning i Ukraina kan førast tilbake til Ostrozka kollegium, som blei skipa i Ostroh i 1576 som den fyrste høgare utdanningsinstitusjonen i austslaviske område.[16]Lviv universitet er det eldste univeristetet i Ukraina, skipa i 1661 som eit jesuittkollegium og gjenoppretta som universitet i 1784.[17] Det blei sett opp fleire høgare utdanningsinstitusjonar på 1800-talet, som universiteta i Kharkiv (1805), Kyiv (1834), Odesa (1865) og Tsjernivtsi (1875).[16]
Språk
Hovudspråket til ukrainarar er ukrainsk. Mange ukrainarar snakkar også russisk, og rundt 30 % har det som morsmål.[18][19] Ukrainsk utvikla seg frå gammalaustslavisk som blei tala i Kievriket, og tidlege former av det var kjende som rutensk. Det blei fyrst utvikla ei litterær form av språket på slutten av 1700-talet.[20]
Religion
Ukrainske stammar følgde heidenske skikkar fram til kristendommen blei innført mot slutten av det fyrste tusenåret. Omvendinga til kristendommen er knytt til helgenen prinsesse Olga, som blei døypt i Konstantinopel på 950-talet. Barnebarnet hennar Vladimir den store døypte seinare folket sitt i Dnjepr.
Etter at Sovjetunionen fall har det vore ein auke i protestantiske kyrkjelydar blant ukrainarar. Rodnovery, ein nyheidensk slavisk religion, har også vokse.[24]
Mat
Mat er ein viktig del av ukrainsk kultur. Det finst særskilde mattypar ein har til jul og påske. Til jul kan ein til dømes laga kutja, ein blanding av semulegryn, valmuefrø, honning, og ulike søte brød.
Eit typisk ukrainsk kosthald kan omfatta fisk, ost og ulike pølser. Sylte er også nokså utbreidd, og det same er pølsa kolbasa (ukrainskКовбаса́, Kovbasa). Brød er ein viktig del av nesten kvart måltid, og blir rekna som nødvendig for at eit måltid skal vera «fullstendig».[25] Til jul er det tradisjon å servera julemåltid med tolv rettar. Til påske lagar ein kjende pysanky, ei form for slavisk eggdekorasjon med farga og mønstra egg. Desse egga blir pynta i ein lang prosess, og blir brukte til pynt på bordet i staden for å etast.[26]
Ukrainarar kan ofte skåla for god helse og ha lange måltid med livlege samtalar. Ofte drikk dei te (chai), vin eller kaffi etterpå med ein enkel dessert, som bakverk med frukt. Populære matretter er salo, borsj,[27]Kiyv-kylling,[28]pierogi og pilaf.
Kunst
Arkitektur
Ukrainsk arkitektur gjenspeglar distinkte trekk ved den tilknytte staden og tidsperioden. Design og arkitektur er blitt påverka av det politiske og økonomiske klimaet i samtida.
Folkearkitektur
Ulike regionar i Ukraina har sine særeigne former for folkeleg arkitektur som byggjer på lokale tradisjonar og kunnskap overlevert gjennom generasjonar.[29] Museet for folkearkitektur og levesett i sentrale Naddnipryansjtsjyna ligg i Perejaslav. Friluftsmuseet omfattar 13 ulike særmuseum, 122 døme på nasjonal arkitektur og har over 30 000 historiske kulturelle gjenstandar.[30] Museet for dekorative verk er eit av desse, og syner dekorativt handverk i samband med ukrainsk arkitektur. Dekorasjonar bruker gamle tradisjonelle designmønster.[31]
Ornamentikk og biletkunst
Ved spesielle høve blir alle aspekt av det vanlege livet forvandla til dekorativ kunstform for kunstnarisk uttrykk. Ornament- og designmotiv er gjennomsyra av symbolisme, religiøse ritual og tyding.[32] Frå illuminerte manuskript som Peresopnytske-evangelia[33] til dekorerte pysanky og vytynanky kan ein finna intrikate detaljar med gammal tyding. Mykje munnleg historie gjekk tapt i løpet av dei 300 åra då russifiseringa av Ukraina fann stad, og ukrainsk kultur og språk var forbodne.[34] Organisasjonar som Ivan Honchar Museum, Pysanka Museum og Det ukrainske museet er skipa for å ta vare på historia. Ulike delar av Ukraina har sine eigne ornamentikktradisjonar med sine eigne variasjonar av stil og tyding. Ein kan finna døme i Petrykivka- måling, ornamental arkitektur, ukrainsk broderi og tekstilmotiv frå ulike historiske ukrainske regionar. Nokre av desse verka er tekne med på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.
Tradisjonelle klede
Den kjende broderte skjorta eller blusen vysjyvanka[35] er den best kjende delen av ukrainsk nasjonaldrakt, og har tilmed sin eigen feiringsdag i mai.[36] Tradisjonell drakt for menn inkluderer òg kozjukh, kontusz, żupan og sjarovary. Tradisjonell drakt for kvinner omfattar kozjusjanka, otsjipok for gifte kvinner og ukrainsk krans for ugifte jenter. Plagga blir laga med forseggjord strukturell design, kompliserte veveteknikkar, omfattande broderi og holbroderi.
Veving og broderi
Tekstikunst har ei viktig rolle i ukrainsk kultur,[37] særleg i ukrainske bryllaupstradisjonar, ukrainsk broderi, veving og blondemaking blir brukte i tradisjonelle folkedrakta og feiringar.[38] Broderistilen varierer etter opphavsregionen,[39] og designa har lange historier når det gjeld motiv, komposisjons, fargeval og stingtypar.[40] Bruk av farge er særs viktig, og har røter i ukrainsk folkeminne. Broderimotiv frå ulike delar av Ukraina er tekne vare på i Rusjnik-museet i Perejaslav.
Nasjonaldrakter er vovne og rikt dekorerte. Veving med handlaga vevstolar blir framleis praktisert i landsbyen Krupove i Rivne oblast. Denne landsbyen er fødestaden til to personar som er kjende nasjonalt og internasjonalt innan tekstilhandverk, Nina Myhailivna[41] og Uliana Petrivna.[42]
Utøvande kunst
Musikk
Ukrainarar har ein sterk musikktradisjon der vandrande skaldar var viktige gjennom fleire hundreår. Desse kunne spelar kobza, bandura eller lira, og kunne spela for kosakkar under krigstokta deira. Andre var vandrande spelemenn. Styresmaktene i Tsar-Russland og Sovjetunionen såg på dei som oppviglarar, og innførte forbod og forfølgdingar mot dei.[43]
Fleire kjende musikarar og komponistar var fødde i Ukraina, som Dmitrij Bortnjanskij, Sergej Prokofjev og Myroslav Skoryk. Ukraina var også eit kjerneområde for musikk i Tsar-Russland, og husa det fyrste profesjonelle musikkonservatoriet i landet som opna på midten av 1700-talet og utdanna talrike musikarar og komponistar.[44]
Dans
Tradisjonelle dansar er populære i Ukraina. Mange av dei kjem frå kossaklandsbyar på landet.[45] Ein ukrainsk dansestil heiter kalyna. Både menn og kvinner tek del i denne typen dans.[46]
Kvinnene bruker fargerike drakter, nokre gongar med ein einsfarga (vanlegvis blå, grøn, raud eller svart) tunika og matchande forklede, under det eit ope skjørt, og under dette igjen eit kvitt skjørt med ein brodert kant som skal nå ein tomme eller så over kneet. Viss dei har på seg ein tunika, ber dei ei langerma, rikt brodert kvit skjorte under. Tradisjonelt bruker kvinner ein type raude skinnstøvlar til å dansa i. Dei har òg på seg eit blomehovudstykke (vinok), det vil seia eit panneband dekt med blomar og lange flytande band nedover ryggen som flyt når dei dansar, og raude korallhalsband.[47]
Mennene har på seg lause bukser (vanlegvis blå, kvite, svarte eller raude) og ei skjorte (vanlegvis kvit, men nokre gonger svart) som er brodert i halsen og nedover brystet. Over skjorta kan dei nokre gonger ha ein rikt brodert vest. Rundt livet har dei ei vidt band med frynsete endar. Som kvinnene bruker dei støvlar, men desse kan vera svarte eller kvite i tillegg til raude.[47]
Kalyna er ein dans med ein partner. Dansen pryvitannya er ein helsingsdans som er sakte og respektfull, der kvinnene bukkar for publikum og tilbyr dei brød og salt på eit klede og blomar. Ein annan dans kalla hopak er mykje livlegare, med mange raske rørsler. Denne dansen er avleidd frå hopak-kampkunsten til kossakane.[48]
Museum og bibliotek
Det finst oppimot 5 000 ulike museum i Ukraina,[49] mellom anna Det ukrainske nasjonalgalleriet, Det nasjonale historiske museet, Museet for vestleg og orientalsk kunst, det nasjonale Tsjernobyl-museet i Kyiv, Lviv nasjonale kunstgalleri, Poltava kunstmuseum, Simferopol kunstmuseum, og mange andre innan kunst, historie, tradisjonar eller vigde til ulike tema. Mange av desse musea er i faresona på grunn av den russiske invasjonen av Ukraina i 2022.[50]
Det finst 14 bibliotek av statleg tyding (Vernadsky nasjonalbibliotek, Det nasjonale parlamentsbiblioteket, Det nasjonale historiske biblioteket, Korolenko statlege vitskaplege biblioteket i Kharkiv og andre), og 45 000 offentlege bibliotek over heile landet. Til saman eig desse institusjonane 700 millionar bøker.[51]
Litteratur
Ukrainsk litteratur har hatt ei vanskeleg utvikling. På grunn av konstant utanlandsk dominans over ukrainske territorium var det ofte ein betydeleg forskjell mellom tale- og skriftspråk. Nokre gongar var det tilmed delvis forbode å trykka noko på ukrainsk. Ei rad utanlandske styre frå Litauen, Polen, Romania, Russland, Austerrike-Ungarn og Det osmanske riket berika på den andre sida òg ukrainsk ved å tilføra nye ord til språket.[52] Trass i undertrykking under tsar- og sovjetstyret har ukrainske forfattarar klart å danna ein rik litteraturarv.[53]
Ukraina hadde stor nytte av den sovjetiske vektlegginga av kroppsøving, som gjorde at landet fekk hundrevis av stadion, symjehallar, idrettshallar og andre idrettsanlegg.[55]
Fotball er den mest populære idretten i Ukraina. Den leiande profesjonelle ligaen er Premjer-Liha.[56] Dei to laga som har hatt mest suksess i denne ligaen er rivalane Dynamo Kyiv og Sjakhtar Donetsk.
Dei ukrainske brørne Vitaliy Klytsjko og Volodymyr Klytsjko har begge vore tittelhaldarar i boksing.[57]
↑«Ukrainian Wandering Bards: Kobzars, Bandurysts, and Lirnyks». Canadian Institute of Ukrainian Studies. 2001. Henta 6. april 2022. «The artistic tradition of Ukrainian wandering bards, the kobzars (kobza players), bandurysts (bandura players), and lirnyks (lira players) is one of the most distinctive elements of Ukraine's cultural heritage.»