Franko var kunnskapsrik og hadde ein betydeleg arbeidskapasitet. Han var diktar, prosaforfattar, dramatikar, litteraturkritikar, litteraturhistorikar, omsetjar og publisist. Leiemotiva i verka hans var ofte tatt frå hans eige kvardagsliv og kampen til ukrainarane for tilveret, men det fanst òg mange innslag frå verdslitteraturen.
Bakgrunn og virke
Franko var fødd i Nahujevytsji i Galizia i Austerrike-Ungarn som son av ein landsbysmed. I tida på gymnaset blei Franko fyrst med i ei russofil studentforeining, men forlét henne ikkje lenge etter for å slutta seg til populistane i Halytsjyna. Som student var han tilhengar av dei sosialistiske ideane i samtida, og han studerte skriftene til Karl Marx og Friedrich Engels. Seinare gjekk han likevel til skarpt angrep mot marxismen. Franko utvikla seg til å bli ein progressiv demokrat. Denne utviklinga er spegla i den omfattande journalistiske produksjonen hans.[1]
Franko studerte klassisk og slaviskfilologi i Lemberg (Lviv) og Wien, men på grunn av den politiske verksemda si blei han utestengd frå ein akademisk karriere og fengsla fleire gonger. Den litterære produksjonen hans er svært omfattande.
I 1876 blei Lesysjyna tsjeljad og Dva pryjateli (To venner) utgitt i den litterære almanakken Dnistrjanka. Seinare same året skreiv Franko den første diktsamlinga si, Ballader og eventyr. Den første av historiene i Boryslav-serien kom ut i 1877. Franko skildra dei vanskelege levekåra til ukrainske bønder og arbeidarar i verka Boryslav ler (1881–1882) og Boa constrictor (1878). Verka hans tar opp ukrainsk nasjonalisme og historie (Zakhar Berkut, 1883), sosiale spørsmål (Samfunnets fundamenter, 1895 og Visnede blader, 1896), og filosofi (Semper tiro, 1906).
Han trekte parallellar mellom israelittane sin leit etter eit heimland og den ukrainske sjølvstendelengsla i Kains død (1889) og Moses (1905). Stjålet lykke (1893) blir rekna som den fremste dramatiske teksten hans. Alt i alt skreiv han over tusen verk.
I Sovjetunionen blei det lagt fram eit anna bilde av Ivan Franko. Dei av verka hans som ikkje passa inn i det politiske landskapet blei fortia eller forvanska.[1] Sovjetarane framheva særleg diktet hans Kamenjari ('Steinbrytarane'), som inneheld revolusjonært politisk tankegods, og knytte han sterkt til tilnamnet Kamenjar. Styresmaktene framstilte han som ein forkjempar for ukrainsk sameining med Russland, som glødande sosialist og militant ateist. Fleire av verka hans blei forfalska eller forkorta. Dei sovjetiske styresmaktene påviste innverknaden frå russiske revolusjonære demokratar på Ivan Franko, og ein la stor vekt på meiningsforskjellane mellom Franko på den eine sida og Mykhajlo Hrusjevskyj og konservative ukrainarar på den andre sida.
Ivan Franko si dotter Anna Franko-Kluchko emigrerte til Canada etter andre verdskrigen, og skildra i sjølvbiografien detaljar frå barndomsminna sine.[2]
Barnebarnet til Ivan Franko, Halja Kluchko, er busett i Toronto og blei kurator ved det ukrainske museet i byen.