For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ubuntu Linux.
Nelson Mandela vart beden om å definera «ubuntu» i 2006. Videoen vart brukt til å lansera Ubuntu Linux.[1]Desmond Tutu er ein av mange som har definert ubuntu.
Ein person med ubuntu er open og tilgjengeleg for andre, aktar andre, kjenner seg ikkje truga av at andre er duglege og har det bra, for han eller ho har ei korrekt sjølvstadfesting som kjem frå å vite at han eller ho høyrer heime i ein større heilskap og blir nedtrykt når andre blir audmjuka eller nedtrykt, når andre blir torturert eller halde attende.
Louw 1998 foreslår at konseptet ubuntu definerer individet etter alle relasjonane dei har til andre individ, og framhevar verdet ubuntu har som eit religiøst konsept. Han slår fast at zulu-utrykket umuntu ngumuntu ngabantu («ein person er ein person gjennom (andre) personar») ikkje treng å ha nokre religiøse sidetydingar i ein vestleg samfunnskontekst, medan det i ein afrikansk omgjevnad tyder at ein førsteperson med ein menneskekjærleg framferd er verdig vørdnad frå ein forfader. Dei som held oppe prinsippet om ubuntu gjennom livet sitt vil oppnå ei sameining med dei som framleis lever etter sin eigen død.
Om ein reisande gjennom land vårt vil kvile ved ein landsby, treng han ikkje spørje etter mat eller vatn. Med ein gong han stoggar vil folket gje han mat og hyggje. Dette er ei side av ubuntu, men ubuntu har mange sider. Ubuntu tyder ikkje at folk ikkje skal tenke på seg sjølv. Spørsmålet er derfor: Vil du handle på ein måte som hjelper samfunnet rundt til å verte betre?
Forandring i Sør-Afrika
Ubuntu blir sett på som eit grunnleggande prinsipp i den nye republikken Sør-Afrika, og vert kopla med ideen om ein afrikansk renessanse.[3] I den politiske sfæren blir konseptet ubuntu brukt for å legge vekt på naudsynet for sameining i avgjersler, så vel som naudsynet for ein passande humanitær etikk for å informere om desse avgjerslene.
I kinyarwanda, morsmålet i Rwanda, betyr ubuntu mellom anna «menneskeleg sjenerøsitet» så vel som humanitet som over. Som elles i Afrika, blir ubuntu sett på som måten å leve på for alle menneske, å gi fritt til kvarandre og gjensidig hjelpe kvarandre.
Tidlegare president Bill Clinton brukte omgrepet under ein (2006) Labour Party konferanse i Storbritannia (og seinare i Grieghallen i Bergen i Noreg 22. mai 2007[6]) for å forklare kvifor samhald er viktig.[7]
Første versjon var ei omsetjing frå tilsvarande artiklar på Wikipedia på engelsk og bokmål slik dei var den 11. august 2007.
Dei gav desse referansane:
↑Interviewed by Tim Modise, copyright by Canonical Ltd.--transcription: "In the old days, when we were young, a traveler through the country would stop at a village, and he didn't have to ask for food or for water; once he stops, the people give him food, entertain him. That is one aspect of ubuntu, but it will have various aspects."
Ramose, Mogobe B. (2003) 'The philosophy of ubuntu and ubuntu as a philosophy', in P.H. Coetzee & A.P.J. Roux (eds.) The African Philosophy Reader (2nd ed.) New York/London: Routledge, 230-238.
Samkange, S. & Samkange, T.M. (1980) Hunhuism or Ubuntuism: A Zimbabwe indigenous political philosophy. Salisbury [Harare]: Graham Publishing.
Ambrose, David. (2006) 'Your Life Manual: Practical Steps to Genuine Happiness': Revolution Mind Publishing, 37-40.
HUNHUISM OR UBUNTUISM: A ZIMBABWE INDIGENOUS POLITICAL PHILOSOPHY. BY Stanlake J. W. T. Samkange AND S. SAMKANGE. 106PP. GRAHAM PUBLISHING, HARARE, 1980. ISBN 0-86921-015-7. PAPERBACK