Time er det 16. studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1995. Besetninga som spelar på albumet er unik for bandet, med den tidlegare Traffic-gitaristen Dave Mason og country-songaren Bekka Bramlett, dottera til Delaney and Bonnie, i besetninga. Lindsey Buckingham, som hadde slutta i Fleetwood Mac i 1987, gjestar på korvokal på ein song, men Time er det første og einaste Fleetwood Mac-albumet sidan Heroes Are Hard to Find i 1974 utan Stevie Nicks. Trommeslagaren Mick Fleetwood syng solovokal for første gong på ein Fleetwood Mac-song, på den sju minuttar lange «These Strange Times», produsert av Duran Duran-produsenten John Jones, og skriven i lag med Beach Boys-medlåtskrivaren Ray Kennedy. Albumet var det første albumet deira som ikkje nådde salslista i USA, og det av albumet deira som har selt dårlegast, berre 50 000 verda over. Bandet la ut på ein verdsturne for å marknadsføre albumet frå juli til slutten av desember 1994, og igjen frå april til september 1995.[2]
Innan eitt år hadde besetninga kollapsa, då Mason, Bramlett og Billy Burnette alle slutta i bandet, men Bramlett og Burnette spelte inn Bekka & Billy i lag i 1997, same året som Lindsey Buckingham og Stevie Nicks kom attende til Fleetwood Mac.
Assisterande lydteknikarar: Alan Sanderson, Charlie Brocco, Allen Sides, John Jones, Jimmy Hotz (spor 13), David Eike, Tom Nellen, Richard Huredia, Dave Shiffman
Innspeling og miksing: Ken Allardyce; John Jones (spor 13)