I september 1972, etter at Kirwan fekk sparken under turneen etter Bare Trees, henta bandet inn gitaristen Bob Weston og vokalisten Dave Walker, tidlegare frå Savoy Brown og Idle Race. Weston var kjend som slidegitarist og hadde kjend bandet sidan dei turnerte i lag med Long John Baldry. Fleetwood Mac leigde òg turnémanagaren til Savoy Brown, John Courage.
Den påfølgjande turneen gjekk bra og Penguin vart den største salssuksessen til bandet i USA fram til då, og nådde så vist topp 50. Under innspelinga av det neste albumet, Mystery to Me, vart bandet samde om at vokalstilen og haldninga til Walker ikkje passa inn med Fleetwood Mack og innan juni 1973 hadde han slutta.