Thunder and Lightning er det tolvte og siste studioalbumet til det irske hardrockbandetThin Lizzy, gjeve ut 4. mars 1983. Gitaristen John Sykes vart henta inn for å erstatte Snowy White etter Renegade frå 1981, og Sykes bidrog til å gi ein tyngre lyd og gitartone enn Thin Lizzy hadde brukt på tidlegare album. Mesteparten av låtskrivinga (bortsett frå «Cold Sweat») var likevel fullført før han vart med i bandet. Klaverspelaren Darren Wharton hadde òg ein sterkare musikalsk innverknad på det siste studioalbumet til Thin Lizzy, og var med på å skriva mange av låtane, inkludert «Some Day She Is Going to Hit Back», og den siste singelen «The Sun Goes Down». Ein avskjedsturné følgde utgivinga av albumet, etterfølgd av livealbumet Life. Medgrunnleggjaren, frontmannen og bassisten i gruppa Phil Lynott døydde i 1986.
AllMusic-skribenten Greg Prato proklamerte Thunder and Lightning som «ei klar forbetring» samanlikna med mykje av dei andre albuma deira på 1980-talet, men noterte at plata ikkje var den «beste utgivinga» frå bandet.[2]
Den avgrensa dobbelt-LP-en og kassettversjonen av albumet legg til fire spor, spelt inn live i Storbritannia medan Snowy White framleis var medlem av bandet.
I 2013 vart det gitt ut ei luksusutgåve av albumet. Ho bestod av to plater: plate éin inneheldt den opphavlege utgivinga, og plate to inneheldt konsertopptak frå eit Hammersmith Odeon-show i 1981 og ei rekkje demoar.
↑Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. ISBN978-951-1-21053-5.