Brian Michael Downey (fødd 27. januar1951[1][2]) er ein irsk trommeslagar. Han var ein av grunnleggjarane av rockebandet Thin Lizzy og den einaste konstanten i bandet bortsett frå leiaren Phil Lynott fram til oppløysinga i 1983.[3] Downey var òg med på å skriva fleire Thin Lizzy-låtar. Allmusic-kritikaren Eduardo Rivadavia har hevda at Downey er «absolutt ein av dei mest undervurderte rocketrommeslagarane».[4]
Karriere
Han voks opp i Crumlin i Dublin, og den tidlige musikalske innverkanaden hans kom frå hans far som spelte i eit lokalt sekkepipeband og elska jazz, og òg frå heltane hans frå 1960-åra: The Kinks, The Beatles og The Rolling Stones.[1] I sin ungdom møtte Downey venen, medgrunnleggjaren og bassgitaristen Phil Lynott, som gjekk på same skule. Før han danna Thin Lizzy hadde Downey vore med i ei rekkje skuleband, først The Liffey Beats, Mod Con Cave Dwellers og ein kort periode The Black Eagles (med Lynott). Han gjekk vidare til å spela i eit lokalt band, Sugar Shack, og vart så overtalt av Lynott til å bli med i eit anna band, Orphanage.[5] Då han møtte gitaristen Eric Bell, danna dei trioen Thin Lizzy. Sjølv om besetninga av musikarar i bandet endra seg i løpet av åra, med unntak av Lynott, heldt Downey fram med å vere det einaste andre faste medlemmen i bandet dei neste tretten åra, i tillegg til å spela trommer på soloalbumet til Lynott.
Etter Lynott døydde i 1986 spelte Downey i hyllestbesetninga til Thin Lizzy med John Sykes, Scott Gorham, Darren Wharton og Marco Mendoza, men var fråverande frå seinare Thin Lizzy-turnear. Etter Sykes slutta i gruppa i 2009 skapte gitarist Scott Gorham ei ny besetning av Thin Lizzy. Downey, Mendoza og Wharton vart med igjen, saman med to nye medlemmer: Def Leppard-gitaristen Vivian Campbell og tidlegare vokalist frå The Almighty, Ricky Warwick. Denne versjonen av Thin Lizzy starta ein omfattande verdsturné i januar 2010 og heldt fram med å turnera fram til byrjinga av 2013, med den nye faste gitaristen Damon Johnson som etter kvart erstatta Richard Fortus. Gorham hadde uttalt at bandmedlemmene vurderte å spela inn nytt materiale,[6] og dette prosjektet dukka til slutt opp under namnet Black Star Riders, som Downey valde å ikkje vera involvert i på grunn av presset frå jamleg turnéverksemd.[7]
Downey var gjest ved avdukinga av statuen av Lynott i 2005, og tromma for Gary Moore på hyllestkonserten som følgde. Downey medverka òg på Moore-albumet frå 2007, Close As You Get, og etterfølgjande turné.
I byrjinga av 2016 danna Downey ein trio, seinare firedelt band kalla Brian Downey's Alive and Dangerous. Bandet består av Downey, bassist/solovokalist Matt Wilson, gitarist/vokalist Brian Grace og gitarist/vokalist Phil Edgar. Dei turnarar i Europa og framfører hovudsakleg Thin Lizzy-låtar.[8]