Thorbjørn Berntsen var stortingsrepresentant frå 1977 til 1997 for Oslo, men møtte allereie som vararepresentant i 1971. Han blei nestleiar i Arbeidarpartiet i 1989.
Før han blei heiltids politikar arbeidde Berntsen som skipsrøyrleggjar på Nylands verksted i åra 1951-1966, og er såleis ein av dei relativt få sentrale Ap-politikarane i nyare tid som har bakgrunn som industriarbeidar.
Som miljøvernminister blei Berntsen kjend som ein arg motstandar av det britiske atomanlegget Sellafield. Det vekte internasjonal oppsikt då han kalla den britiske kollegaen John Gummer for ein «drittsekk» i samband med ein disputt om sur nedbør og Sellafield-anlegget. Berntsen kom med karakteristikken på norsk, men utsegna blei av engelske aviser omsett med «John Gummer is the biggest shitbag I have ever met».
I fylgje Herbjørn Sørebø var det Berntsen som fyrst nytta omgrepet «å skriva overtid med gaffel».[1]