Herbjørn Sørebø
|
Foto: Anders Larsen.
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
25. april 1933 Fjaler kommune
|
Død |
29. mars 2003 (69 år) Lørenskog
|
Yrke |
Journalist, forfattar, kåsør
|
Sjanger |
Faglitteratur, biografiar, romanar, dikt
|
Debut |
Minuttdemokratiet (1970)
|
Herbjørn Sørebø (25. april 1933–29. mars 2003) var ein politisk journalist, kåsør og kommentator frå Guddal i Fjaler i Sunnfjord. Sørebø var ei stund redaksjonssekretær i Norsk Barneblad før han byrja i avisa Vårt Land. Sørebø byrja i NRK i 1964. I NRK var han mellom anna sjef for Dagsrevyen. Han nytta konsekvent nynorsk normaltalemål i arbeidet. Han var kjend for den karakteristiske røysta, som han elles arbeidde med etter at han vart kritisert då han tok til å lese nyhende i radio. Mottok Kringkastingsprisen i 1982 for nynorskbruk i media, og Vinjeprisen i 1987 for sin journalistiske innsats.
Sørebø fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 2003 nokre dagar før han døydde.
Bibliografi
Bøker
- 1971 – Slik sprakk koalisjonen : Stormen om statsminister Per Borten (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
- 1980 – Fred og trygghet, brød og frihet : festskrift til Trygve Bratteli på 70-årsdagen (Oslo: Tiden) I fulltekst ved nb.no [Redaktør: Herbjørn Sørebø]
- 1982 – Norske smil (Oslo: Samlaget)
- 1986 – Straffespark i lusekofte : fjernsynte ord gjennom ein vinter (Oslo: Cappelen) I fulltekst ved nb.no
- 1998 – Den som går i genser får ikkje slipset i sausen : aforismar (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
- 2001 – Jens R. (Oslo: Samlaget)
- 2003 – Medieliv (Oslo: Samlaget)
I tidsskrift - eit utval
Kjelder
Bakgrunnsstoff