Dagsrevyen er eit nyhendeprogram som vert sendt kvar dag klokka 19 på NRK1. Den fyrste sendinga gjekk på lufta i 1958, og programmet har hatt same namn sidan den gongen. Programmet vert gjerne kalla flaggskipet til NRK; med opp mot 1 million sjåarar dagleg er Dagsrevyen den mest sette nyhendesendinga i Noreg.
Dagsrevyen satsar på færre, men lengre og grundigare saker enn konkurrentane. Dei har eit tett nettverk av journalistar og korrespondentar over heile landet og ute i verda. I studio er det to programleiarar som saman presenterer nyheitene.
Dagsrevyens sendingar på laurdagar og søndagar har lenge blitt kalla Laurdagsrevyen og Søndagsrevyen og har hatt utvida sendetid og magasinprega reportasjar. Laurdagsrevyen blei kåra til beste aktualitetsprogram under Gullruten 2005.
Dagsrevyen er ein del av nyhendedivisjonen (NYDI) til NRK.