Drit, skit og møkk er ord som viser til ekskrement eller noko som liknar, som søle. Orda blir brukt i fleire norske banneuttrykk, men blir gjerne rekna som mildare på norsk enn dei tilsvarande uttrykka på fleire andre språk, som tysk, engelsk[1] og fransk.
Bruk
Møkk eller møk kan brukast til naturgjødsel. Ofte kan ein kalla slik gjødsel møkk, som i møkkakjellar, møkkaspreiar eller å kjøra møkk. Andre nemningar på dette er frau og hevd.[2]
Bruk av orda
Drit, skit og møkk finst i mange uttrykk der det kan ha ulik tyding.
Noko ein ikkje liker
Dritunge eller skitunge blir gjerne brukt om ein plagsam liten unge.
Drittsekk, skitstøvel eller møkkamann, brukt om ein svært usympatisk eller irriterande person.
Forsterkande
Dritglad, skitredd
Faste uttrykk
Å selja som hakka møkk, noko som sel bra utan nødvendigvis å vera verd så mykje. Uttrykket stammar frå norsk guanohandel.
Skitt la gå, 'det gjer ikkje noko'.
Ordsoge
Alle desse orda har gamle germanske røter og har hatt om lag same tyding i lang tid.
Skit stammar frå gammalnorskskīta, som kan sporast tilbake til protogermansk *skit- og vidare til protoindoeuropeisk *skheid-, som tyder 'å dela'. Dette kan visa til at ein delte skiten frå resten av kroppen.
Skit finst på tysk som Scheisse og på engelsk som shit.