The Loneliest Guy
«The Loneliest Guy» er ein song skriven av David Bowie i 2003 for albumet Reality. Det ein langsam minimalistisk song. James E. Perone sa «Bowies karakter lever òg i fornekting: trass i glasskåra han finn i nærleiken av vindauga sitt, det einsame livet han lever, og 'alle sidene som har snudd', uttrykker han trua på at han ikkje er 'den einsamaste fyren' i verda, men snarare 'den heldigaste fyren'.»[1] Biografen skriv òg: «Det langsame, høgtidelege tempoet i stykket, dei lange setningane som blir sungne med ein sakte pulserande vibrato indikerer ei djup sorg.»[1] Pianoet er spelt av den mangeårige Bowie-pianisten Mike Garson i ein enkel form som fekk David Buckley til å kome med ein analogi til «psykotiske» på Bowie-albumet Outside (1995), sjølv om han konkluderer: «Vokalen til Bowie, skjelvande og ustabil, er berre or mykje. Som skribenten Alex Petridis seier det, var songen diverre 'overkokt'.»[2] Lou Reed likte songen og skreiv for Rolling Stone: «Han endrar seg alltid, så du vert aldri lei av kva han gjer. Og eg meiner heile vegen opp til dei seinare albuma hans så er 'The Loneliest Guy' på albumet Reality ein flott song. Nok ein.»[3] Konertversjonar
Medverkande
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|