Byen har kring 65 000 innbyggjarar (2011). Dei fleste av innbyggjarane arbeider i gruveindustrien.
Historie
Byen har røter i ein liten landsby ved kjelda til elva Dolzjyk. Mot slutten av 1700-talet vart han av Katarina II av Russland gjeven til atamanVasyl Orlov som løn for glimrande militærteneste. Landsbygda fekk namnet Dolzjykovo-Orlovske. Utviklinga av området skaut fart mot slutten av 1800-talet etter at det vart oppdaga kol i Donetsk-regionen. I 1938 fekk han bystatus og det noverande namnet til minne om bolsjevikleiarenJakov Sverdlov.