Rovenky (ukrainsk Ровеньки, Rovenky, russisk Ровеньки, Rovenki) er ein kolgruveby i Luhansk oblast (provins) søraust i Ukraina. Byen har status som eit eige rajon (distrikt) i oblastet. Byen har kring 55 000 innbyggjarar. Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Luhansk.
Rovenky vart grunnlagd i 1705 og fekk bystatus i 1934. Under den store patriotiske krigen, vart Rovenky okkupert av Nazi-Tyskland.
Kjelder
Bakgrunnsstoff