Lysytsjansk (ukrainsk Лисичанськ, russisk Лисичанск Lisitsjansk) er ein by i Luhansk oblast (region) søraust i Ukraina. Byen er eit eige rajon (distrikt) i oblastet og ligg på høgrebreidda av elva Donets, kring 90 km frå Luhansk. Byen har kring 105 000 innbyggjarar (2010).