Sur La Mer (på sjøen) er det trettande studioalbumet til The Moody Blues, utgjeve i 1988. Det inneheld hitsingelen «I Know You're Out There Somewhere», ein oppfølgjar til hitten «Your Wildest Dreams» frå 1986. Mykje av musikken på albumet passar inn i «synthpop»-sjangeren, men er meir prega av rock og akustisk musikk enn føregjengaren.
Fløytisten og vokalisten Ray Thomas er ikkje med på albumet, men han vart framleis rekna som bandmedlem då albumet vart spelt inn.