Michael Thomas «Mike» Pinder (27. desember1941–24. april2024) var ein engelsk musikar og eit av medlemmane som grunnla det britiske rockebandet Moody Blues, der han spelte tangentinstrument. Han forlet bandet etter å ha spelt inn albumet Octave i 1978. Han er særskild kjend for å ha medverka til utviklinga av mellotronen.
Han starta karrieren sin i El Riot and the Rebels, som òg inkluderte framtidige Moody Blues-medlemmar Ray Thomas og John Lodge. Etter å ha enda militærtenesta si, spelte Pinder og Thomas i lag i eit band kalla Krew Cats. Kring midten av 1960-talet vart Pinder tilsett i Streetly Electronics, eit firma som produserte Mellotron.
Pinder var med på å danne The Moody Blues i 1964. Pinder var avgjerande i valet av gitarist og vokalist Justin Hayward som nytt medlem i bandet i 1966, då Denny Laine slutta. Pinder fekk tak i ein brukt mellotron frå Streetly Electronics, og etter å ha gjort fleire forbetringar på instrumentet, starta å han å nytte det på fleire av Moody Blues-innspelingane. Pinder introduserte mellom anna mellotronen for venen John Lennon, som så nytta instrumentet på «Strawberry Fields Forever».[1] Pinder, lydteknikar Derek Varnals og produsenten deira Tony Clarke, fann ein metode å ta opp lyden av mellotronen på utan den brå, kuttande lyden instrumentet normalt gav. Denne symfoniske lyden prega musikken til dei sju «kjernealbuma» til Moody Blues frå 1967 til 1972.
I tillegg til mellotron, orgel og piano, spelte Pinder òg cembalo, Moogsynthesizer, tablaer og forskjellig perkusjon, samt både akustiske og elektriske gitarar og harmonivokal.
I 1971 spelte Pinder tamburin på John Lennon-albumet Imagine på songen «I Don't Wanna Be A Soldier (I Don't Wanna Die)».
The Moody Blues tok ein pause frå 1974, og Pinder flytte til California, der han gav ut soloalbumet The Promise i 1976. I 1977 gjekk bandet i studio att, men Pinder ønskte ikkje å delta for fullt, men medverka på albumet Octave i 1978.
Seinare i livet var Pinder konsulent i Atari dataføretak (hovudsakleg med arbeid på musikksyntese). Han vart verande utanfor ålmenta til midten av 1990-åra, då han byrja å gje intervju att og starta å spele inn ny musikk.