Under andre verdskrigen vart kvalstasjonane stengde utanom Grytviken og Leith Harbour. Dei fleste britiske og norske kvalkokeria og kvalskutene vart øydelagd under tyske raid, medan resten vart kalla opp til teneste for dei allierte. Mellom anna vart det sett ut artilleri ved Strømnesfjorden og desse (som framleis står) vart bemanna med frivillige norske kvalfangarar.