Prion Island er ei øy 2,5 km nord-nordaust for Luck Point, som ligg i Bay of Isles i Sør-Georgia. Ho vart kartlagd i 1912-13 av Robert Cushman Murphy, ein amerikansk naturalist ombord på briggen Daisy, og fekk dette namnet fordi han såg Prion-fuglar på øya.
Øya har status som Specially Protected Area, særskild verneområde, av styresmaktene på Sør-Georgia, fordi ho er fri for rotter og fordi vandrealbatrossar hekkar her. Ein må ha spesialløyve for å gå i land på øya. Det vart bygd ei gangbru med to utkikksplattformar på øya i 2008 for å hindre erosjon.