Kommunen har sidan 1960-åra hatt ein jamn tilbakegang i folketalet. Når det gjeld terrenget i kommunen, finn ein høgfjell i nordvest og eit gradvis lågare terreng mot søraust. Kommunen har store skogar og mange elvar og vatn. Av næringsvegar er det noko industri, og kommunen er eit handelssentrum for den nordlege delen av Jämtland. Tettstaden Gäddede har ein del grensehandel frå norsk side. I tillegg finn ein skogbruk og treindustri, og metall- og næringsmiddelindustri i Strömsunds kommun.
I 1974 vart Strömsunds kommun oppretta gjennom samanslåing av kommunane Ström, Frostviken, Hammerdal og Fjällsjö, som i 1971 hadde vorte overførte frå Västernorrlands län til Jämtlands län. Den nye kommunen fekk namnet sitt etter administrasjonssenteret Strömsund. Strömsund var municipalsamhälle i åra 1901–1962, medan Hammerdals municipalsamhälle eksisterte i åra 1941–1965.
Den nye kommunen hadde ved opprettinga drygt 17 600 innbyggjarar, og såleis har folketalet minka med over 5 000 personar sidan midten av 1970-talet. Strömsunds kommun er ein utprega glesbygdkommune, der om lag 60 prosent av folkesetnaden bur i tettstader og 28 prosent i administrasjonssenteret.
Kommunevåpenet
Blasonering: «På eit delt skjold med den øvre delen i raudt, er plassert Strömsundsbron i svart silhuett. På den nedre delen, som er i sølv, blå straumar som førestiller vatn i Ströms Vattudal».[1]
Våpenet vart til gjennom ein konkurranse som vart utlyst i 1973. Våpenet er i strid med fleire heraldiske reglar og vart ikkje godkjent av statsheraldikaren, men utsegna hans er berre rådgjevande, så kommunen registrerte det likevel hjå Patent- och registreringsverket i 1974. Alle dei tidlegare kommunane som vart innlemma i den nye, hadde eigne våpen, men ein valde altså å bruke eit heilt nytt våpen i staden for eit av dei gamle.
↑«På en delad sköld med den övre delen i rött har placerats STRÖMSUNDSBRON i svart siluett. På sköldens undre del mot silverbotten blå vågor föreställande vatten i STRÖMS VATTUDAL».